Om prosjektet

Velkommen på tur!

Bygda Vaksdal har ei rik historie og mange kulturminne, og ein infrastruktur der både bil-, tog- og båttrafikk er vesentlege innslag.

Med støtte frå Hordaland Fylkeskommune og Vaksdal kommune, og i samarbeid med Vaksdal skule og Vaksdal Idrettslag ved turgruppa skal det lagast ein kulturminnesti.

Det blir produsert opp mot ti informasjonstavler i vêrhardt materiale, som vert montert på aktuelle stader i bygda. I tillegg vil informasjon vera tilgjengeleg digitalt.

Kvart klassetrinn frå 1.-7. klasse ved Vaksdal skule vert invitert til å henta inn og produsera informasjon til kvar sine tavler. Tavlene tek utgangspunkt i ulike tema, sjå framsida på nettstaden. Her finn du oppgåver for kvart tema.

Når informasjonen er henta inn, vil ei arbeidsgruppa med representantar frå Vaksdal Idrettslag og Vaksdal kommune utarbeida forslag til skilt. Forslaga blir viste på Vaksdal sjukeheim, og monterte som ein prototype langs kulturminnestien før endeleg produksjon, slik at det vert høve til å supplera og korrigera innhaldet.

Materiale frå elevane må vera klart innan 1. februar 2018 for å kome med på informasjonstavlene.

Offisiell opning av kulturminnestien på Vaksdal vert våren 2018.