Introduksjon:
Vaksdal Idrettslag vart skipa i 1925, under namnet Vaksdal Skiklubb. Vaksdal Skilag arrangerte både hopp- og kombinertrenn frå 1920-talet. Laget hadde fleire skihopparar på høgt nivå, som markerte seg både regionalt og nasjonalt. I Synsvollbakken i Sedalen var bakkerekorden 46 meter. I tillegg til Synsvollbakken var det periodevis hoppbakkar fleire andre stader i Sedalen, på Lonastølen og i lia bak Vaksdal kyrkje. Vaksdal Idrettslag tok i bruk ny idrettsplass på Tveitane på Vaksdal laurdag 26. juni 1982. Laget har i dag tre undergrupper knytt til fotball, trim og tur, og idrettsparken er utvida med eiga tennisbane.
Oppgåver:
a) Besøk ein av plassane der det tidlegare var hoppbakke. Dokumenter restane etter bakken, eksempelvis sjølve hoppkanten.
b) Finn informasjon om skihoppmiljøet på Vaksdal. Skriv ein kort tekst om skihopping i gamle dagar.
c) Lag ein teikning eller ei skisse av ein skihoppar. Set namn på viktige kroppsdelar. Kva del av kroppen må ein trene mest for å hoppe langt?
d) Finn naturmateriale (stein, mose, tre) og bygg ein miniatyrhoppbakke. Test dei ulike bakkane med til dømes ein ball eller ei flaske. Kva bakke gjev lengst hopp?
Aktuelle kompetansemål:
Norsk: Skrive enkle forteljande, skildrande og argumenterande tekstar / Bruke bibliotek og internett til å finne stoff til eiga skriving
Kroppsøving: Setje namn på kroppsdelar og rørslemåtar / Bruke ski og skøyter der det ligg til rette for det
Kunst og handverk: Samtale om gater, plassar og bygningar med ulike bruksfunksjonar i nærmiljøet
Resultat:
Kort(e) tekst(ar) og illustrasjonar til informasjonstavle om kulturminne på Vaksdal. Skulpturar og modellar som kan avfotograferast og slik bli motiv på tavlene. Videoar, illustrasjonar, fotografi og forteljingar som kan publiserast digitalt.
Lærarressursar:
Om hoppbakkane (s. 28-29)